"Get information and do business"
:Follow us
Follow us on Facebook Follow us on Twitter Follow us on Linkedin Follow us on Google+

Låge straumprisar bremsar fornybarsatsing

Published at: 7. juni 2010
kilde: Nationen.no
kanaler:
publisert av

Norge har dei nest lågaste straumprisane i Europa, viser ein fersk oversikt frå det internasjonale energibyrået, IEA. Låg pris gjer satsing på alternativ energi lite lønsamt.

Låge straumprisar bremsar fornybarsatsing

Norge har dei nest lågaste straumprisane i Europa, viser ein fersk oversikt frå det internasjonale energibyrået, IEA. Låg pris gjer satsing på alternativ energi lite lønsamt.

Ein prisoversikt frå International Energy Agency (IEA) viser at Norge har dei nest lågaste straumprisane i Europa.

17 europeiske land er med i undersøkinga, og det er berre Sveits som kjem ut med ein lågare straumpris til forbrukar enn Norge.

Dei rike vasskraftressursane her i landet har ført til låg energipris og lite utbygging av alternative energikjelder samanlikna med mange andre land.

– I Norge har det vore billigast å byggje ut vasskrafta. Vindkraft og andre alternative energiformer er det langt dyrare å realisere. Skulle vi hatt meir vindkraft eller andre energiformer måtte subsidiane vore høgare, seier seksjonssjef for analyse Tor Arnt Johnsen i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Avhengig av subsidiar

Norge er eit av dei få landa i Europa der vasskraft dekkjer så godt som heile etterspørselen etter straum.

Vasskrafta blir også samkøyrt med energiproduksjonen frå andre energikjelder i våre naboland, slik at Norge kjøper billig overskotskraft frå nabolanda om natta, og eksporterer vasskraft dyrare om dagen. Handelen med kraft med våre naboland har bidratt til at prisforskjellane til våre naboland er redusert.

I tillegg til å ha høgare straumprisar og høge forbruksavgifter, har fleire land i Nord-Europa også gått inn med kraftig subsidiering av alternative energikjelder.

– Utan slike subsidiar eller andre støtteordningar ville det ikkje ha blitt bygd ut så mykje fornybar energi i desse landa, men vi ser nå at fleire av støtteordningane er under press. Danmark har redusert støttenivået, og i Tyskland er subsidiane for tida under sterk debatt, seier Johnsen.

Blant våre næraste naboar har Danmark over dobbelt så høge straumprisar viser IEA-oversikta for 2009. Sverige har på si side den marknadsbaserte støtteordninga med grøne sertifikat, som stimulerer utbygginga av alternativ energi som elles kanskje ikkje ville vore lønsame å byggje ut.

– Må styrke innsatsen

Politikarar i både regjeringspartia og opposisjonen vedgår at prisnivået har stor innverknad når det gjeld å realisere utbygging av alternativ energi.

– Mindre investeringsvilje er ein naturleg følgje av låge energiprisar. Derfor at Senterpartiet jobba for å få til ein grøn sertifikatordning, og regjeringa inngjekk i haust ei intensjonsavtale med svenskane om ein slik marknad. På same måte har vi jobba for å auke løyvingane til Enova, og dei er nå tredobla i høve til nivået før den rødgrøne regjeringa overtok, skriv leiar i energi- og miljøkomiteen Erling Sande (Sp) i ei tekstmelding.

Han meiner begge delar bidreg til meir pengar inn i fornybar energiproduksjon.

– Men IEA-rapporten viser at vi må styrke innsatsen ytterlegare og stimulere sterkare til produksjon av fornybar energi, kommenterer Sande.

– Ikkje imponert så langt

Opposisjonen vedgår også at straumprisen i stor grad styrer kva energikjelder det er lønsamt å byggje ut.

– Lønsemd er sjølvsagt eit viktig spørsmål, og prisane har mykje å seie, seier nestleiar i energi- og miljøkomiteen, Siri A. Meling (H).

– Vil de subsidiere meir for å byggje ut meir fornybar energi?

– Ja, vi er ikkje imponert over det dei rødgrøne har gjort til nå. Vi er sårbare for endringar i nedbør og vi treng fleire energikjelder. Dessutan må vi utnytte potensialet Norge har som energinasjon, seier Meling.

Ho trekkjer først og fremst fram grøne sertifikat som ordninga ho meiner må til for å styrke fornybarutbygginga. I tillegg meiner ho at ein må vurdere endringar av skattereglar.

– Og så ønskjer vi at det blir sett av 50 til 100 millionar kroner til miljøteknologifond.

Vil vere varsam

Også Ketil Solvik-Olsen (Frp) ønskjer meir støtte til fornybar energi, men med måte.

– Vi er heldigvis så godt stilt på energi at vi har låge prisar, og det er ikkje eit mål å ha mest mogleg eksotiske kraftkjelder.

– Vil de ha meir subsidiering av alternativ energi?

– Frp er positive til å støtte meir utbygging av energi der det ligg godt til rette for det, og det kan skje gjennom grøne sertifikat, seier Solvik-Olsen.

Han meiner derimot at ein må vere varsam med å støtte utbyggingar som manglar mykje på å vere lønsame.

– Det blir som å oppfordre bonden til å dyrke jorda der det er mest stein, i staden for der det er minst, seier han.

Get market info about
Do business in
You want to read more about other markets?

Please choose the country you are interested in:




produkter

lukk x

This site in other countries